inspirasjon - mark demsteader










mark demsteader. fantastisk kunstnar frå england. berre sjå på bileta hans. dei er så triste. men himla fine.(det er forresten han som har malt mange sinnsjukt fine bilete av emma watson, viss du har sett dei!)

akkurat no vert eg berre kjempeinspirert av han, får lyst til å dansa rundt i ein ballkjole mens eg maler på veggen. har liksom ikkje lerret som er stort nok for det eg vil. så, jatack til malevegg!


bloglovin

hurra!

/glad lena mari

"Vi har nå gått igjennom søknadene som kom inn til 1. opptak og har med dette gleden å invitere deg til 2. opptakstrinn ved Kunstskolen i Bergen"

no er det berre å glede seg til tre dagar med opptaksprøver og kos i juni!


bloglovin

sumar i parken på ein tysdag











/bilete frå teaterparken og nordnesparken

det finns ikkje noko betre enn fine dagar med sol. ein kan berre sitte å nyte det. kjenna sola varme, mens ein vert stadig raudare i nakken og du angrar litt på at du ikkje tok med deg solkrem. men du drit i det. det er sol, det er bergen og det er snart eksamen.

dagen i dag har vore himla fin. kort dag på skulen, så bar det bort til teaterparken, der ein traff aleksander, jørgen, marie og hunden hennar, carmen. eg overraska dei med is, som den snille jenta eg er. trur det kom godt med opp i eksamenslesninga og varmen frå sola. me vart sittandes der, fleire folk kom, nokon gjekk, men sola var framleis der. folk byrja å bli svolten, nokon foreslo grilling i nordnesparken. himla god ide. bendik og jørn vart og med på lasset, grillpylse vart kjøpt inn, og sjølvsagt eingongsgriller, som dei miljøsvina me er! nordnes vart fylt av gamle, unge, studentar, rett og slett utruleg mange folk. me gjekk rett inn i mengde med folk som hadde tenkt same tanke som oss. grilling og kos. åh. livet er himla fint!


pst! har du ikkje bloglovin og har lyst til å fylgje bloggen min? då kan du fylgje sida mi på facebook!

 

❤ kva gjer de på ein solfylt dag?

bloglovin

sundagar med sol og grønt gras i parken



/park og mann


/snop og rosa snapple

sidan me har vore så heldig og hatt sol i regnbyen i dag, har me brukt store delar av dagen til å sitte og nyte det. du veit, når ein har budd i bergen ei stund, med regnet og uværet som ein er vant med store delar av året, så set ein ekstra stor pris på ein soldag! teaterparken var fylt med folk, og me hadde med oss teppe til å sitta på, han hadde lesebok eg hadde teiknebok. snapple og litt sjokolade høyrer med når ein kosar seg.

åh. så himla fint å berre sitte ute og nyte alt. fuglane som kvitrar. søte kjærastepar som ligg i graset. lukta av blomar. blå himmel over heile bergen. no kan ein berre gleda seg til eksamen.

 

/pst. til de som lurar på korleis eg har fått bileta til å ha ein polaroid effekt, sjå her på deviantart! så finn de ein fin action til photoshop. kjempekjekk og fin å ha.

❤ har de sol ?

bloglovin

hei!

/sofakos og lena mari på tur.

med verdas treigaste nett for tida vert det lite blogging. eg vert heilt uinspirert når ein kjem, har mange idear, vil blogga, men oppdagar at nettet er så treigt at du ikkje får oppdatert facebookstatusen din ein gong. hallelullllja.

men uansett. det er sundag i dag. i går var det laurdag og meg og finingen var på kvarteret og såg på are kalvø. fantastiske nynorskmannen. han snakka om alt mogleg. men mest om fotball. og om oslo og ålesund. men det er sånn som ein berre må oppleva sjølve. eg trur de hadde likt det.

 

❤ har de hatt ei kjekk helg?

bloglovin

fem postsecrets eg likar.







/alle bilete frå postsecrets.com

frank samlar på løyndommar og han får himla mange av dei, kvar dag, kvart år. på postsecrets.com har han samla dei fleste av dei, og hjå amazon kan du kjøpa boka med ein haug med løyndommar i. eg likar dei. løyndommane altså. dei får deg til å tenkje. til å lure. kanskje du kjennar deg igjen i nokre av dei?


bloglovin

eingongskamerakjærleik: sumaren 2011







endeleg fekk eg framkalla desse bilete frå sumaren i fjor. sånn går det når ein utsetter ting på grunn av for lite tid, for lite pengar eller berre det at ein er gløymsk. dei fire bilete er frå losten, ein himla fin festival som eg håpar vert i år og. mange himla fine folk, eg var der med kjærastepus og håkon.

ville berre sei at eg gledar meg til sumaren i år.

❤ kva er dine planar for sumaren?

bloglovin

eingongskamerakjærleik: russedåp








/bilete frå russedåpen til danielsen


❤ er du russ i år?

bloglovin

eit stykk fin fin helg.









russegreier med sigrid og iselin. og kaffe i fine koppar. kristian på besøk. vin. drinkar. middag. nonstop med mjølkesjokolade. uubongo og brettspel. dessert. kosing med aleksander. bowling, golf og sånt på wii'en.

fin helg.

 

❤ tre ting som var fine med di helg?

bloglovin

russetid og alt det andre.






russetid. raude bukser og ein kjole. lukta av sprit. smilande jenter. nokon blås i ei fløyte. dansing. skriving på bukser.

det er russetid. og det har vore ei heil veka utan blogging! kvar blei tida av? forrige veke var det russedåp (tok bilete med eingongskamera, dei kjem ikkje heilt endå.) så var det litt skule, helg, natt til fyrste mai festing, soving, forkjølelse, meir skule og no er det snart helg attende. åh. for eit liv! men så himla kjekt då.

❤ tjohei

bloglovin

omtrent ferdig russekjole

 



sånn. no seier me at den er ferdig. saknar litt meir tøys forann på den, og blei overhodet ikkje fornøgd med stjerne, kanskje heller klippe dei av og male i stedet?

❤ vad tycks?

bloglovin

russedress. russekjole. og brodering.

 tjohei! sånn snart godt natt innlegg. har malt på maria si russedress! power puffs og harry potter. dei vart no litt søte. og litt meir jobb på min eigen kjole, prøvde å brodera nokon fine sånne stjerner. såg ikkje pent ut, men men! best å ha mønster, ja? og malt litt på mi og. så ja. i morgon reknar seier eg stopp og då vert det fullverdig bilete av heile kjolekosen min! :)

bloglovin

bergensteikningar

 /a4 teikningar. inspirasjon frå bergen sine små smau.

dette er eit lite knippe av teikningar som skal vera til salgs på markedet i trikkehallen, bergen sundag den 29. april. her finn de event på facebook

 

bloglovin

litt meir maling på russekjolen.




i går blei det malt litt meir på russekjolen. no er eg litt i tvil kva meir eg skal ha på den. nokre broderier skal eg ha, men kva anna? sidan eg har kjole har jo eg så himla mykje plass. heldigvis så fylte nintendo figurane ut litt plass, og så vart dei så fine!

pst: sånn ser russekjolen ut på meg, utan pynt. sjå her!

bloglovin

sundag. nordnes og kattar.







plutseleg blei det ein kort sundagstur med dei to venane til aleksander. me gjekk frå det kvite huset mitt, bort til verftet, opp alle dei hundre trappene ved murhusene og bort til nordnesparken. me hadde utsikt alle vegar, og lukta av grillmat og sjø var vidunderleg. når me byrja å gå heimatt mot det kvite huset traff me på fleire kattar i bergens minste smau. ein katt som var skamklipt og ein som ikkje ville ha kos. fin sundag.

så har eg og pynta litt meir på russekjolen, bilete av det får komma seinare. eg trur den vert himla fin!

 

❤ kva gjer du på ein sundag?


bloglovin

husmor/ny vintage kjole.

 

/bilete tatt av min fine mann, aleksander.

det er laurdag og snart er paideigen klar til å bli kjevla ut. i går kom det ein ny kjole i posten. himla fin. syns eg då. kjøpt på etsy, frå 50-60 talet ein gong. og så måtte eg jo berre visa fram husmorsforklet mitt. så kjem kristian på middag etterpå. det vert kos!

 

❤ kva gjer du på ein laurdag


bloglovin

strykefest.

 





strykefest! russetida nærmar seg med stormskritt, og russedåpen er berre ei knapp veka unna. maling, stryking og pynting på russebukser/kjole må til. åh.me  gleder oss til russetid!

❤ kva har du på russebuksa di?


bloglovin

endå ein himla vakker musikkvideo.

 /gotye-somebody that i used to know

vakker sang. vakker musikkvideo. vakre augo.

❤ ja.


bloglovin

fire ting ein kan gjera om ein kjedar seg

ein. spela samorost. eit veldig, veldig vakkert "klikk og peik" spel der ein må tenkja, sjå og lura litt. litt logisk men eigentleg ganske ulogisk til tider at ein vert irritert. men det gjer ingenting, for spelet er så himla fint!

to. gå inn på gemma correll sin blogg og sjå på dei små humoristiske teikningane hennar. åh. og så er dei himla søte og, då. får så grådig lyst til å teikna no!
         

tre. sjå ein veldig bra serie. som for eksempel pushing daisies eller mildred pierce.



fire. teikna ting som ikkje er noko eigentleg.

i dag har eg forresten ikkje kjeda meg, men brukt tida på klesvask, dukvask, husvask men ikkje oppvask.

❤ kva likar de å gjera når kjedsomheita tek tak i deko?


bloglovin

ein mandag. pakke i posten!





som veldig mange veit så gjer eg mesteparten av kleshandlinga mi på nettet. sånn ebay og etsy (for vintage klær.) ja. desse skoa har eg venta på! åh. henta skoa etter at eg hadde vore på skulen. himla fine, og himla gode. ihi! hjartekos!

❤ handlar du på nettet? :)

bloglovin

sundag.





sundagar er fine. lange late timar i senga. deilig frukost med egg, laks og grøne blad. og te og sånt då. følte det passa seg med berre matbileter her i dag. for. det er nesten det einaste me har brukt dagen til. lage mat, nyte maten og slappa av. og så har eg og aleksander spela zelda då. og eg vert så himla sur når eg ikkje får til ting. ja. heilt sant. men så blei alt bra igjen når me spiste verdas beste middag, calzone. heilt heilelaga, med god salat til.

 

❤ håpar alle de har hatt verdas finaste sundag! og ikkje gløym at de kan fylgje bloggen min på facebook.

bloglovin

laurdag.

/teikning 2012

sånn. det er helg. har laga verdas beste pai med purre og bacon og mykje anna godt. no er det berre sånn nesten soving på sofaen. åh. men i morgon, søndag! håpar alle de har det kjekt kjekt!

 

❤ kos!

bloglovin

te og kjolar




drikk te og kjøp kjoler. det gjer eg. berre ein kjole, frå etsy. syns den var litt søt, så gler meg til den kjem i postkassa. bestemte meg heller for å bruke eit par hundrelappar på noko sånt fint, enn ein russegenser. og så er det på ein måte litt belønning til meg sjølv. fordi eg er flink og har slutta med ei illeluktane uvane. (klarar du å gjette kva slags uvane?)

❤ te på kjolen.

bloglovin

hundre og nittiein rosa bobler.

 

/måleri av meg som heng over senga. akryll på lerret.

det er ein sånn dag som går så frykteleg seint. så seint at det kjennast ut som om ein har vore våken i syttito timar. omtrent. sjølv om det ikkje er så lenge. så kjennast det ut som om eg har gjort hundre og nittiein ting. men eg har berre gjort ti. og ikkje så fryktelefg mange viktige heller. berre sånne ting som matteprøve, norsk, tedrikking, søknad til khib og matlaging som laga seg sjølv, var det som sto på plakaten min i dag. om eg hadde hatt ein plakat altså. den hadde sikkert vert rosa. sånn fin rosa. som nesten heller over i ein lillatone, men som likevel er rosa. nett som ei rosa boble. hadde heller ikkje hatt noko i mot å levd i ei rosa boble, av og til. men litt rosa lykke sidan det snart er helg.

 

❤ kva tenkjer du?

bloglovin

Stikkord:

onsdag. ikkje tysdag

 



heildagsprøve. kvitlauk. saft. jobb. ja. onsdag.

❤ likar ikkje onsdagar.

bloglovin

verdas beste kokebok





verdas beste kokebok. og kanskje verdas enklaste. the flying culinary circus er eit fabelaktig team med kokker. fire hengivne kokker som veit kva dei driv med. i denne boka har dei med enkle ting som for eksempel korleis ein lagar eggebasert saus eller korleis ein steiker fisk. okay. sånt finn vel ein i korleis som helst kokebok. joda. men denne er himla fin. oversiktleg. og inneheld ingen oppskrifter. dei vel heller å gje oss fritt spelerom etter at dei har gitt oss det grunnleggandes og tips om kva krydder som er godt til maten. for det er sånn eg lagar maten min. brukar det eg har og kjøpar det eg ikkje har, følgjer heller magekjensla enn ei oppskrift! og det funker, berre spør min mann!

eg fekk forresten boka i forrige veke frå han fine, når me hadde eitårsdag. kjærleik!



så spiste eg litt sånn etter-lunch-før-middag salat. etterpå når han finingen min kjem heim vert det fiskesuppe. heimelaga sjølvsagt!

 

❤  har du ei favorittkokebok?

bloglovin

verdas finaste musikkvideo akkurat no.

ja ok. alle høyrar på susanne sundfør. eg og. fant sånn nettopp ut at det er laga ein musikkvideo til white foxes. åh. gåsehud altså. berre kjempe sær, veldig fin og heilt magisk.


bloglovin

fordi vindauger er min favoritting.




/gamlehuset på garden heima.

den beste kjensla er den du får når ljoset stryk deg i andletet mens du vaknar.

 

❤ oi. plutseleg førti følgarar på bloglovin! tack finingar.


bloglovin

ni fine ting i påsken.










ein. fint utevær.

to. himla god mat. mykje god mat faktisk!

tre. familien.

fire. påskeegg og snop.

fem. gode frukostar.

seks. kreativ maling og sånt.

sju. veninnekos med mariel og kvitvin.

åtte. russkjole dekorering.

ni. verdas finaste mann. hjartekos.

 

❤ har de hatt det fint i påsken?


bloglovin

nyan cat på russekjolen.




jaa, endå eit innlegg om russekjolen min. fekk seg ei ørlite strøk med maling tidligare i dag. nyan cat er jo tøffast. syns eg. driv no og prøvar å vera kreativ. liksom finna på noko anna kjekt eg kan ha på russekjolen. men ai ai. heilt tom for alt som heiter idear!

 

❤ kva andre ting er fint å ha på ein russekjole/bukse?


bloglovin

langfredag. bubil. amerika. sjø.











langfredag. dagen har blitt brukt til å køyra litt her og der, med han far bak rattet og mor ved hans høgre hand. me valte å køyra mot austrheim, omtrent så langt vest som mogleg, mot sjøen og fedje. grådig fint der ute, men alt for mykje vind til å gjera noko kjekt. me tok ein kaffi eller to der ute, før me køyrde vidare mot den grøne øya, radøy! der valte me å stoppa ved bunnpris og kyrkja, og spiste ein himla god pai med salat som ho mor hadde laga. åh. himla godt! så tusla me litt i vesle amerika der borte, såg på bygningane som har blitt flytta frå statane og heilt til nordhordland. det var spesielt. men himla fint. og annleis enn noko anna. så vart været mindre kjekt, med kaldare vind og snø i lufta, og då var det på tide å ta turen heim att til lindåsbygda.

men altså. himla fin tur. og flink aleksander kjærast som har tatt dei to bileta av meg, takk!

 

❤ gjer de noko spennande i påsken?


bloglovin

to stykk fine birtebilete




tjohei. sidan så mange likte gårsdagens innlegg med bilete av lillesystra mi, birte, så kjem det to heile bilete til i dag. eit stykk i litt farge og eit stykk i heilt svart/kvitt. eg må innrømma at ho var grådig flink (og fin!) syns ikkje de og det?

❤ hjartekos.


bloglovin

ein liten sniktitt frå photoshooten med fine birte sofie

påskeegg og givarglede






det er så himla fint å laga noko fint til nokon andre og sjå kor glad dei vert. i dag har kvelden gått til å laga påskekos til mamma, pappa, lillesyster birte og fine aleksander. fire små fine påskeegg vart kjøpt hjå søstrene grene. litt stoffrestar vart brukt og limt fint på desse små egga. så vart dei fylt med både nøtter, sjokolade og anna kos. med fine bånd rundt og snirklete namnelappar er dei fine små kosegåver til dei eg er glad i!


❤ lagar du påskeegg til nokon?

ps! de som leser/følgjer/kommenterer bloggen min er himla fin! takk!

bloglovin

ein kreativ sundag og litt påskeferie






våkna i dag med litt blå himmel og ei fin kjensle av at no er det helg. sjølvsagt, litt jobb i morgon og på tysdag, men etter det er det faktisk fri. så, måtte ta og kjenna litt på det i dag, på forskudd altså. men sundagar er himla fine. berre himla late. ein treng ikkje gjera nokon ting. fint og kunne nyta frukosten sin veldig lenge. i dag var det omelett med skinke, kvitlauk og chili og ein haug med krydderier som sto på menyen. åh. himla godt.

så etter nokre timar med berre kos og te og mad men, (åhh, ny sesong, hurra!) så måtte eg finna fram malesakane mine. staffeliet står jo så fint i stovo, så eg berre malte. eit lerret vart til noko heilt nytt, eit heilt nytt verk. eg veit ikkje heilt om eg likte det, eller kven det skal vere, men, ja. kreative sundagar er kjekke. sundagar med snø no i mars er derimot litt rare. ein byrjar litt å lura når ein ser ut og ser store snøfnugg flyga ned og virvla seg rundt i lufta. heldigvis hadde eg ikkje noko behov for å gå ut, og lagde heller ei fantastisk middag med sterke kyllingkjøttbollar med kvitlauk, lauk og chili, litt saus, pasta og litt grønt på toppen.

så ja. fint vær, overskya, snø. me har hatt det meste i dag. heldigvis er sundagar sånne fine dagar der du slepp å vere ute om du ikkje vil. fin fin sundag med finaste kjærasten!

❤ kva gjer de på ein sundag?


bloglovin

indisk kylling med couscous, nam!



mat er godt, og endå betre er det når maten er heimelaga! gårsdagens middag var indisk kylling med couscous.

vil du laga sjølv? her er kva du treng:

kylling, bruk filet eller kyllinglår. skjær opp i ynskja størrelse

karrypasta, fåast på invandrarbutikk. mange typar, vel den du tykjar ser pen ut!

cous cous, denne finn du i lag med risen på din lokale daglegvareforettning.

grønnsaker! eg brukte babymais, lauk, kvitlauk og litt chili. bruk det du har, eller kjøp det du vil ha!

cream fresh, eller fløte/kokosmjølk. gjer deg litt meir saus og maten vert ikkje alt for sterk!

steg ein. mariner kyllingen i litt karrypasta og olje, då trekk den til seg litt meir smak, kan gjerne stå slik over natta.

steg to. skjær opp grønsaker slik du vil ha dei, steik lauk og kvitlauk i steikepanna før du tilsett kyllingen.

steg tre. når kyllingen er gjennomstekt, tilsett dei andre grønnsakene og cream fresh eller likande i ynskja mengde. la det stå og kosa seg og småkoka litt.

steg fire. lag couscous, les kva som står på pakken og gjer da, det gjer forresten ingenting om du tilset for mykje vatn.

steg fem. server! tilsett gjerne litt ekstra grønt på toppen. eg brukte litt god salat og sukkererter. nam!

 

❤ er du glad i sterk mat?


bloglovin

ein liten sniktitt på russekjolen






våren og russetida kjem hand i hand. no er det faktisk litt mindre enn ein månad til russetida kjem. raudkledde menneske som roper og skrik, russebilar i gatene og sumarfuglar i grønt gras. åh. eg gledar meg. men ikkje til å verta full, kasta vatnballongar på ungar eller å skulka skulen. nei, eg gledar meg himla mykje til å ha det kjekt i lag med klassen, feira litt no og då og ikkje minst å ta på meg russekjolen. åh. eufori.

takk til verdas finaste marte for inspirasjon til å sy dette, og takk til verdas finaste tante kari for himla god hjelp til prosjektet!

 pst! husk at du kan følgje bloggen min på facebook! hjartekos!

 

❤ skal du vera russ i år?

om du har vore russ, korleis opplevde du di russetid?

 

bloglovin

film: bienes hemmelige liv








ein himla fin, trist, glad og bra film. handlinga finn stad i USA på 1960-talet, når raseskilje og likestillingskampen var viktig. me får sjå inn i livet til fjorten år gamle lilly som ikkje har det så bra. far hennar  mishandlar ho, og er heller ikkje snill mot den svarte barnepika hennar. gjennom filmen får me sjå at livet ikkje alltid er like lett, og ein dag vel lilly og barnepika hennar å rømme frå lilly sin far. dei søker ly hjå tre systrer som eig ein biefarm. her utvikla historia seg og me får sjå mange flotte og triste augeblikk, og til slutt sit du att med ei fin varm kjensle i kroppen. åh. fin fin film.

sjølvsagt er boka basert på ei bok, som er endå betre enn filmen. men er du sånn som eg er for tida, altså ikkje i lesehumør, så kan filmen anbefalast på det sterkaste!

 

 

❤ har du sett bienes hemmelige liv?

kva var den siste filmen du såg?

 

 


 

 

 

 

sumar på ein sundag.





på ein søndag skal ein ikkje gjera nokon ting. eigentleg. men i dag var været så himla fint, nesten sumarsleg, at me berre måtte gå ut. tusla gjennom byn, tenkte me skulle kjøpa milkshake på capello i marken. (dei har verdas beste milkshake.) men det viste seg at dei ikkje har opent på sundagar.

jaja, tenkte me og gjekk forbi lebramuseet, domkyrkja og inn i øvregaten og ned til bryggen for å kjøpa milkshake der. buekorps og mykje folk. åh. fin fin stemning. så var det berre å setta seg ned, nyta livet ved sjøen og bryggen og la sola varma litt. så tusla me litt meir før sola låg så lavt at me ville komma oss heim att til fiskegrateng og litt sundagsrydding, faktisk.

eg trur dette er den fyrste sundagen i år me har hatt det så kos ved å berre tusle. (og utan å frysa.)

 

pst! ikkje gløym at du kan følgje bloggen min facebook! berre trykk HER og trykk liker for å følgje. om du har lyst altså. og då er du veldig fin, fnis.

❤ kva gjer de på ein sundag?

 


 

 

laurdags morgon.




laurdag. ei vakker morgon med sol. noko som er tildels uvanleg her i bergen. sol altså. så. hadde eg hatt ein takterrasse no, hadde eg ikkje trengt meir. spiste verdas beste frukost, omelett med bacon, kvitaluk og diverse krydder. og sidan det er så sumarsleg kan ein unna seg ein fruktsalat med papaya, ananas og jordbær med anisfrø. åh. er ikkje livet himla fint? (eg trur ein blir ekstra lykkeleg av sumarvær her i bergen. sidan me berre har regn, regn, regn.)

i dag vert det jobb i butikken, så gebursdagsbesøk for buer i kveld, hurra!

 

❤ kva planar har de på denne fine dagen?

 


 

 

teikningar. altså.

 





før det nærmar seg leggetid (fordi ein må opp tidleg på jobb.) tenkte eg at det kunne vera kjekt å legga ut litt teikningar. to stykk faktisk. den fyrste er eit kjøkken, som du ser. som vart teikna fyrste gang eg var på besøk hjå svigerforeldra mine. kos!

den andre er eit slags sammensurium av eit bergenssmau. litt fakta og litt fantasi. ein får jo alltids litt inspirasjon av å sjå ut av vindauget. så. ja, det kjem meir sånt!

❤ kva de syns?

 


 

 

snø altså.

det er altså ikkje snø ute i dag. ikkje kaldt. ikkje regn. ikkje gråe skyer. berre blå himmel, varme og nesten vår!

❤ korleis er været der du er?

 


 

 

eg elskar

hardingfeler

gatekunst du tilfeldig legg merke til

gamle klede

mennesker som er fasinerandes

nynorsk



å dansa naken i hagen

nybakt brød

å høyra på musikk og berre synga så høgt ein kan

kjolar som formar seg så fint

å våkna midt på natta og tenkja at ein kan sova lenge

varme sumardagar på hytta

fine og rare lampar

mannehender

fransk sjokolade

aleksander

når du finn noko du vil ta bilete av og så blir da så himla perfekt

are kalvø og dialekta hans

merkelege designting som ein  ikkje treng

kjærleik

blomar som er lilla

musikk på vinyl

å skriva brev



teikna rare teikningar

vera nerd

våkna av at ein kjenner sola i andletet

lukta av vinter og kulde

museumsbesøk

å vandre rundt i byn å legga merke til ting. fine ting.

studera folk

sitta i timesvis og snakka om alt og ingenting

pil og boge

gamle trehus

akvariumet i bergen

lukta av kjellar

pære brus

hattar

lukta av aleksander

snøenglar

å bada naken midt på natta

gamle mennesker. dei er så rynkete

å fortella folk om rare draumar eg har hatt

grønne klede

sagmugg

12V pærar

såpeboblar som flyg



tantebarn

å ligga og halda rundt han nordlendingen min

å sitte på bussen heilt åleina

sumarvarmen

raudvin

bringebærmousse

å bli heilt forelska i klede

 

 

 

 

 og sånn til heilt sist. høyr på denne. valyrien allstars nemmeleg. heilt njudeleg.

 

 

❤ kva elskar de?

 


 

 

 

 

sundagar og chiptunes

fin dag. fin musikk.

 

pst! ikkje gløym å like bloggen min på facebook, her!

 


 

 

 

 

blåbær og sumarminner






sumar. den herlege dufta av grønt gras, solkrem og lykke. varm sumarvind som slår mot deg. solstrålar som gjer at det kriblar i heile kroppen. bekymringsfrie sumarveker. dei kjem som blåbær på strå. ingen er like, alle er søte og gode. fylt med små dråpar av lykke.

 

din favoritting om sumaren?

 


 

 

 

 

fredag. ein omelett og to nakne bein.






fredags morgonar. dei er fine. spesielt sidan eg ikkje må møte opp på skulen før kvart over ti på desse dagane. noko som betyr at eg har god tid til sulling, rydding, matlaging og kos. då kan ein nyta seg sjølv og morgonane litt meir. lagde omelett i verdas søtaste grøne steikepanne. tusla rundt barbeint, og så måtte eg berre rydda litt i nokre teikingar. eg hadde verdas beste tid. sånne morgonar er lykke.

 

 

 

stressar du deg i hel om morgonen eller kosar du deg og brukar lang tid?

 


 

 

hei! design og slikt man vert lei av.

  


nytt design for augeblikket. eg likte det gamle, det gjorde eg faktisk. men, du veit. ein vert gjerne lei ting. sjølv om dei er så himla fine, så vert ein lei. alle som har ein blogg veit vel det at noko nytt må skje. ikkje heile tida. det er berre tull, men av og til. det er fint.

kanskje litt dumt at eg tok vekk menyen på høgresida. men men!

forresten. polaroid bilete er kjempefint. desse er mine. men. heilt digitale som er gått ein runde i photoshop. hoi hoi!

kva synes de om designet?

 


 

 

sølvskatten og sånt






meg og mor var på permanenten i forrige veka. himla fint. alt for mykje som var så fint at du berre ville ta det med deg heim. ja. lite blogg. rett og slett ikkje tid. ikkje lyst. ikkje. vil ikkje. blogge altså. men alt er himla fint.

fnis!

 


 

 

svart/kvitt er himla fint

 




bergen altså. om du ikkje såg det med ein gong.

 

kva har de gjort i dag?

 


 

 

 

 

fordi gebursdagsfrukost er kos







på laurdag fylte fin fin aleksander år! dagen starta med deilig frukost, baguetter, egg og bacon, yoghurt og ikkje minst musserandes vin. om nom. så fekk han åpna gavene frå meg, ihi. seinare på dagen gjekk me ut og spiste lunch med tante therese. så vart det vindrikking og festing i fyllingsvegen før me tok turen ut i bergen by. tjohei!

 

fnis!

 


 

 

fordi sundagar er fine







og fordi eg ikkje treng paraply.

 

lite blogg, eg veit, men mykje jobb og mykje skule. håpar alle de finingar kosar seg!

 


 

 

 

 

jula og endå eit nytt år









jula var himla fin og gjekk alt for fort. dei to små var overbegeistra over alle gavane, og kunne knapt venta til kvelden kom! under treet fant dei leikar på leikar, og sjølvsagt, noko klede som raskt vart kasta i haugen. praktisk, men ikkje så kjekt å få når ein er lita. eg fekk pakka opp fleire søte tekoppar, spel, parfyme, såpe, te og nokre pengar. veldig fornøgd, som alltid! sjølv om det er lika kjekt, om ikkje endå kjekkare å gje, enn å få..

i romjula drog eg ned på eit forsinka fly til moss. blei møtt av den veldig, veldig flotte familien til kjærastemannen min. og eit nytt husdyr sa hei! fine linus, som nesten berre bjeffa på meg, var blitt ein del av familien. nyttårsafta vart feira i moss, noko som berre var kos. den andre januar dro meg og finingen heim til bergen. tjohei! så no er me tilbake igjen i det kvite huset mitt, fnis.

 

 

har de hatt ein fin fin juleferie?

 


 

 

 

 

vedkunst og kattar




for nokre helgar sidan var meg og han veldig fine mannen min på besøk hjå tante daffa og onkel bent. me regna heldigvis ikkje heilt vekk, men været var ikkje noko kjekt i det heile tatt. men me kosa oss i hel inne, med kattar, vedkunst, god mat og mykje speling.

no er aleksander i moss og eg er atter ein gong åleina i ein stor leilegheit. men då er det himla fint å ha jobb, skule og gavepakking å bruke tida på. og ikkje minst, så har eg kjøpt meg tredje sesong av frustrerte fruer å sjå på. litt kos må ein no ha! no er det faktisk snart jul og.

det er berre så himla fint å komma seg vekk frå bydn og alt maset der.

 

er du glad i kattar og ved?

 


 

 

 

 

klassetur med 3G. fnis

















verkeleg på tide å legga ut noko nytt her. lite tid og mykje jobb på meg i det siste. ihi. men her kjem eit lite innlegg. me på danielsen, klasse 3G var på tur til dyrkolbotn. det var fint og kjekt der, faktisk. sjølv om me berre spiste heile tida. nesten. i alle fall himla mykje mat! men fin fin natur. fin gjeng. halvgode senger. kjekke leikar og masse kos.





kva har de gjort på i det siste?

 

pssst: ikkje gløym at du kan følgja bloggen min både på bloglovin og på facebook!

 


 


 

 

 

 

tjohei! endeleg internett i det kvite huset mitt




ihi. ny leilegheit. den finaste leilegheita faktisk. faentastisk å kjenne seg heima og fri og glad, og sleppa å få slengt "jævla nazihore" etter seg av ein liten gut. eg kosar meg nemmeleg. her kan eg vera MEG. og berre meg.

men mnja. eg har nett. det er seint, så snart så må eg hoppe i dusjen. men eg berre måtte sei hei til bloggen. berre fordi det er himla lenge sidan eg har vert her å leika. så hurra for internett!

 

 

kva har de gjort på i det siste?

 


 


 

 

 

 

haust ved sjøen











når eg var heima på haustferie tok me oss ein tur ned til sjøen. mest for å sjå på naustetomta vår. men da var fint. å komma seg ut. frisk luft. himla fint vær. berre meg, kjærastemann, pappa og mimmi. kos. sjølv om eg eigentleg ikkje er så glad i sjøen. ihi.

 

akkurat no ynskjer eg at da skal slutta å regna.

 

kva har de gjort i haustferien dekas?

 


 


 

 

 

 

alt for lenge utan blogg og slikt

 





plutseleg. så var eg her. har gjort så utruleg mykje i da siste, og tatt ekstremt lite bilete. desverre. innflyttning. kos. kulturnatt. skule. jobb. jobb. jobb. kjærastekos. doctor who. ja.!

ps. bileta er frå den gongen me var på kulturnatt i byn. og såg på fin fin kunst. og ja, aleksander har tatt to av bileta, flinking!

 

har de da fint for tida?

 


 


 

 

 

 

såpeboblekos

 kjedsomheit på ein tysdag.

 

likar de såpebobler og slikt tjohei?

 


 


 

 

 

 

dugnad og anna kos








tjohei. mandag. skule. og slikt. men i helga hadde da me himla fint.

hjalp pappa litt på søndagen, sto og solgte vafflar, pølse i brød og slikt som ein gjer når da er stemne. hadde med meg finingen min, og trur han faktisk hadde da kjekt og, i lag med alle dei merkelege vestlendingane. fin fin helg. fekk faktisk pakka litt flyttelass greier og, hurra! snart, snart bur eg i da rosa huset!

 

men NO bør eg gjera norskleksa mi.

 

har de hatt ei fin helg?

 


 


 

 

 

 

eg har ein himla tjukk data for tida



ehe. random bilete frå naturhistorisk. laptopen min tullar seg, og musa funkar ikkje på den. så ikkje noko nye bilete i dag. må sjå om eg får tak i ei vanleg datamus som eg kan kobla på. ihi. så no har eg fengje skuledata, men har ikkje noko kjekt innpå her endå. nemmeleg.

 

 

kva gjer de i dag?

 

ps: har de sagt hei til facebooksida mi?

 


 

 

 

 

Les mer i arkivet » Mai 2012 » April 2012 » Mars 2012
Norske blogger
bloglovin
hits