oppskrift på himla god pastasaus

eg er av typen som elskar heimelaga mat, og som synes det er himla kjekt å ha noko liggandes i frysen. så i dag gjekk det med nokre timar til å lage ein himla god tomatsaus til pasta, der eg har henta inspirasjon litt her, og litt der. mykje av mi matlaging vert tatt litt på sparket, og det er sjeldan eg går nøye etter ein oppskrift når det gjeld middagslaging. så værsågod, pastasaus frå det vesle kjøkkenet vårt på nøstet! denne oppskriften held til eit mange menneska, og ein kan godt tilsetta kjøtt viss ein ynskjer det. i lag lagde eg ein trippel (nesten firedobbel) versjon av denne. så har eg MYKJE å ta av i frysen i nærmaste framtid!




ingredienser:

- 2 gulerøtter

- 1 lauk

- 2 fedd kvitlauk

- 1 purrelauk

- 1 stang med selleri

- 2 bokser tomat (hakka eller heile)

- 1 ss med tomatpurè

- 1 kyllingbuljong

- 1 ts med hakka chili på glass (evt. bruk fersk.)

- fersk basilikum (så mykje som du liker.)

- olivenolje

- kvitvinseddik

- sukker

- salt og pepper

 

slik kan du gjere det:

1. begynn med å finhakke lauk, kvitlauk og purrelauk. brun dette i litt olivenolje i ei steikepanna. ta så dette oppi ein kasserolle, tilsett kvitvinseddik og ein desj med vatn og la dette småkoke litt.

2. etter nokre minuttar med småkoking kan du tilsette tomater på boks, chilien og tomatpurèn. tilsett så kyllingbuljongen, sukkeret (ikkje mykje, smak deg fram.)

3. hakk opp gulerøtene og selleristanga og ha denne oppi kasserollen. la dette koke til gulerøtene er blitt mjuke.

4. klipp opp/hakk opp basilikumen og ha denne oppi kasserollen i lag med anna krydder. (timian, rosmarin og lignande.)

5. sidan sausen din sikkert har ein del store biter av grønsaker, så annbefaler eg at du brukar ein stavmikser og køyrer den jevnare. ein kan også bruker blendar, eller ein potetmoser.

6. la den småkoke så lenge du vil, vert best når den har kokt i 2-3 timar. tilsett og salt og papper, og husk å smake undervegs!

7. server med pasta som du liker, heimelaga/tørr/fersk osv. kan godt toppest med litt cream fresh og eit par blader med basilikum.

 

har du ein god oppskrift du vil dele? skriv til meg i kommentarfeltet!

 

bloglovin

3 kommentarer

apocolypse

25.07.2012 kl.20:01

Nammiiisssss! o.o

Siljekm-

25.07.2012 kl.22:01

sv; åhh så morro :D

Elefantjenta

25.07.2012 kl.23:09

Høres kjempegodt ut!

Og bloggen din har blitt superfin :D

Skriv en ny kommentar

Lena Mari

Lena Mari

21, Lindås

Nynorsk fotoblogg. Legg meg til som ven, eller følg meg på bloglovin. (eller facebook, hurra!) Alle bilete er tatt av meg, hvis ikkje noko anna er nevnt. ©

Norske blogger
bloglovin
hits