oppskrift på grove minipizzaer og tomatsaus.

sidan eg fortsatt er i gang med prosjektet mitt,  "fyll frysaren med god mat til ein regnværsdag" så kjem  det endå ei oppskrift her. pizza er ein utruleg grei matrett, likedann som med suppe så bruker man kva ein har, og det ein likar/har råd til. ein kan lage alt frå pizza margarita til skikkeleg amerikansk, med mykje fyll og ost. i dag har eg valgt å presantere den gyldne middelveg, med litt forskjelleg fyll og grov pizzabunn.



pizzabunn:

- ein pakke tørrgjer

- 3 dl. lunka vatn

- 3 dl. kveitemjøl

- 3 dl sammalt kveite, grov

- 1 ts bakepulver

- litt salt

- litt olivenolje

- tilsett gjerne krydder eller ost i deigen viss du ynskjer det.

slik gjer du det:

rør gjæren ut i det lunkna vatnet, ha i olje, salt og tilsett mjøl og bakepulver. juster med meir mjøl slik at deigen vert fast og fin. sett den så til heving ein varm plass, til dømes på badet, ved ovnen osv. i mellomtida kan du ta ein dans!


pizzasaus:

- 1 lauk

- 2 fedd kvitlauk

- 1 ss tomatpurè

- 1 ts chili paste (eller bruk fersk chili.)

- 1 boks med tomater på boks

- 1 ss kvitvinseddik

- 2 ss god olivenolje

- fersk basilikum

- litt sukker

- salt og pepper

- smak gjerne til med diverse andre krydder, trøffelolje, litt cream fresh osv

slik gjer du det:

hakk opp lauk og kvitlauk, hell det oppi ein varm kaserolle og la lauken bli blank. tilsett så tomatene på boks, tomatpurèen, kvitvineddik, sukker og chilien. rør godt og la dette koke litt. tilsett så fersk basilikum og bruk ein stavmiksar til å jevne sausen og bli kvitt klumpane. la dette koke litt til, før du tilsett salt og pepper og evt. andre krydder. pst. tomatsauser vert betre jo lengre den koker, så la den gjerne stå og småboble i ein time eller to.



pizza:

fyrst, slå på ovnen! den bør stå på det høgaste, på min var det 300 grader. så, når deigen har heva seg til ca. dobbelt størrelse så kan du jobba litt med deigen på eit reint underlag, lag små boller og kjevle desse bollane ut, slik at dei vert små pizzaer. legg så eit passe lag med saus på kvar av desse og bruk så det fyllet du vil. eg valgte å bruka ein del forskjellege ting på mine mini pizzaer, og ikkje likt på alle, slik at det vart litt variasjon. men til dømes kan du bruke:

- oster: mozerella, jarlsberg, brie, blåmuggost, feta

- kjøtt: skinke, kylling, biff, kjøttdeig (lag gjerne små kjøttboller, nam!)

- grønt: lauk, purre, tomater, soltørka tomater, minimais, sopp

- ellers kan du ha på litt pesto, eller fersk basilikum, nøtter osv. det er så mange mogelegheiter!

sånn! pizza med tomatsaus, jarlsberg, mozerella, feta, skinke, purre, sopp og litt fersk basilikum på toppen!

kva likar du å ha på din pizza?

 

bloglovin

3 kommentarer

llen

05.08.2012 kl.17:03

Nam nam. Ser kjempe godt ut <3

Koselig om du kommentere tilbake <3

snuffseslurpa

08.08.2012 kl.09:09

Hvor mange blir det utifra den oppskriften der? :)

Lena Mari

08.08.2012 kl.09:15

snuffseslurpa: oppskriften tilsvarer sånn ca. ein vanleg pizzadeig, så får vel frå 6 til 10 minipizzaer avhengig av kor store eller kor tynne du vil ha dei :)

Skriv en ny kommentar

Lena Mari

Lena Mari

21, Lindås

Nynorsk fotoblogg. Legg meg til som ven, eller følg meg på bloglovin. (eller facebook, hurra!) Alle bilete er tatt av meg, hvis ikkje noko anna er nevnt. ©

Norske blogger
bloglovin
hits