oppussing av lampe, før- og etterbileter!

i haustferien blei det sjølvsagt ein tur på den lokale bruktbutikken heima på landet. som forventa var det like dyrt og fullt som alltid. du veit at folk ikkje har peiling når lampen frå ikea som er full av støv, kostar meir på bruktbutikken enn den gjorde ny. men uansett, ein kan alltids vera heldig og finna noko heilt uventa. som denne messinglampen frå den svenske produsenten norlett. heile hundre kroner måtte eg gje for den, og det var heilt ok. til tross for at den ikkje var i perfekt stand, og sjølv om messingen var omtrent heilt flassa av enkelte plassar. 

 

men. eg falt for den sjarm og lampens potensiale. formgjevinga var enkel og funksjonell. hadde ikkje messingen vert så stygg så ville eg nok beholdt lampen slik den var. men slik blei det då ikkje! vaska den og pussa den godt før eg fant fram eska med spraylakk. malt med mange strøk, så blei den himla fin. snoren og ballen blei også bytta ut, slik at den blei hakket meir moderne. sjå resultatet nedenfor!

 







? kva synes du om den ny-gamle lampa?




 

3 kommentarer

Stine

21.10.2012 kl.18:17

Den ble jo kjempefin!! :) Jeg har også ei gammel vegglampe i messing som kunne trengt ei oppgradering.. Dette var ikke en dum måte å gjøre det på! Kanskje jeg stjeler ideen? ;)

fargeglad

21.10.2012 kl.20:31

Den ble superfin - elsker fargen :)

Elefantjenta

22.10.2012 kl.17:20

Sjukt så fin den ble!

Skriv en ny kommentar

Lena Mari

Lena Mari

21, Lindås

Nynorsk fotoblogg. Legg meg til som ven, eller følg meg på bloglovin. (eller facebook, hurra!) Alle bilete er tatt av meg, hvis ikkje noko anna er nevnt. ©

Norske blogger
bloglovin
hits