fordi eg ynskjar eg var ein konditor.




sjølv om eg er superduperglad i å bake så er det sjeldan eg faktisk gjer det. mest fordi me berre er to stykk i heimen vår, men og fordi det ikkje er billig med gode råvarer. og sjølvsagt fordi det ikkje er det sunnaste ein kan eta. ihi. så, når eg kan, brukar eg moglegheita til å laga gøye kaker. pynten er sjølvsagt hovudmomentet for meg! (som du kanskje ser?)

oppskrifta har eg henta frå freiahjemmekonditori.no og det er ei "tradisjonel sjokoladekake" . oppskrifta finn de her! (supermektig kake altså!)

pynten er sjølvlaga og ganske enkel. smelt sjokolade, eg har brukt både kvit og mørk sjokolade. bre dette ut over eit brett som er dekt med bakepapir, fyrst mørk sjokolade, bre så kvit sjokolade og bland den forsiktig inn i den mørke sjokoladen. (sånn at det vert "marmorert", slik som på bilete.) dette lar du stå kjølig og ta så ut i romtemperatur og skjær ut i passe store rektangler. sett kjølig før du fester disse på kaken. ellers så bøyer dei seg lett og vert vanskeleg å jobba med. på toppen av kaka har eg brukt restar av den "marmorerte" sjokoladen, men også litt kvit sjokolade, smelta sukker (det brune) og physalis. nam!

♥ 

 



 

3 kommentarer

Elefantjenta

31.10.2012 kl.11:03

Lekkert! Nam, jeg er glad for at jeg nettopp har spist lunsj, hvis ikke ville jeg blitt mektig sulten altså.

Bente og Lars O

31.10.2012 kl.14:16

Hei

Dette så veldig delikat og lekkert ut!

Mari

31.10.2012 kl.18:01

Nydelig kake! NAM!

Skriv en ny kommentar

Lena Mari

Lena Mari

21, Lindås

Nynorsk fotoblogg. Legg meg til som ven, eller følg meg på bloglovin. (eller facebook, hurra!) Alle bilete er tatt av meg, hvis ikkje noko anna er nevnt. ©

Norske blogger
bloglovin
hits